*Ingen gidd å gjere noko for nokon, utan å få noko igjen for det sjølv. Mange her set pris på å hjelpe folk, og det dei vil ha igjen er at du lærer noko. Om du viser innsatsvilje, og signaliserer at det faktisk er eit alvorleg meint spørsmål, som du har tenkt igjennom, og som du har konkret spørsmål rundt, så spør det.
**Det inneber også at du ikkje skal kopiere spørsmålet frå boka, og håpe på at nokon vil gjere leksene for deg. Kvifor skal dei det? Det er deg det går utover til sjuande og sist, uansett. Det er du som har eksamen, ikkje dei som sit på eit forum og svarar for deg.
**Før du spør om noko, bør du sjekke om det står på forumet. Du kan nytte søke-funksjonen til å finne tidlegare skrivne innlegg om emnet. Prøv å bruke så generelle innfallsvinklar som mogeleg når du søkjer, søk etter t.d verdenshistorie, og ikkje etter verdenshistorie etter 1945. Då vil du få litt å gå gjennom manuelt, men så sparer du tida til andre, og gjer kanskje dei meir motivert for å svare, når du har vist at du har lagt litt eigeninnsats i det.
*Søk på Google før du spør.
*Skriv korrekt norsk. Skriv like godt norsk som du ville gjort på ei innlevering. Det fører til at det vert lettare å forstå kva du meiner samt at det vert lett å svare. Det viser også at du har lagt litt innsats i posten, og motiverer difor andre til å svare. Det er di oppgåve å marknadsføre deg slik at andre får lyst til å svare!
*Les gjennom pensumlitteraturen. Det er ein grunn til at desse bøkene er valde, og oppgåvene som vert gitt, iallefall i grunnskulen, vil som oftast vere basert på bøkene, og ein vil kunne finne hovudtyngda av svara i bøkene. Forumet her er ikkje eit substitutt for å lese pensum.
*Når du har lese pensumlitteraturen, og det er noko meir du lurer på, så ver så spesifikk som råd. Ta med det du veit, slik at folk unngår å skrive ting du ikkje treng. Prøv å spiss ned kva du lurer på, til eit par konkrete punkt, som kan svarast på med maksimum eit par avsnitt. Jo kortare svar som er nødvendig, jo større sjans er det for at du skil deg ut frå mengda, og får svar på spørsmåla dine.
*Ikkje spør nokon privat, via PM, MSN, O.l med mindre dei har samtykka til det. Sjansen vert ikkje større for at dei svarer deg, om du tek det opp i den private sfæren. Om ingen svarar deg, kan det vere fordi du ikkje held deg til desse hinta, eller det kan vere at ingen veit svaret. I begge tilfelle er det bortkasta å gjenta spørsmålet.
*Ver nøye med kor ting havnar. Ikkje post matematikken din i norsk-forumet. Dei som interesserer seg for matematikk les denne kategorien, og ignorerer kanskje dei andre kategoriane. Om eit spørsmål passar i fleire kategoriar, så finn ut kva som er mest relevant, og post det der. Ikkje post det i fleire ulike kategoriar, sidan det vil lage fleire trådar, og ting kan bli tatt opp dobbelt, heilt unødvendig.
**Om innlegget famnar om ting som kan passe i to kategoriar går det òg an å splitte det opp i fleire postar ofte. Det kan du godt gjere, og du kan då også indikere i postane at dei har samanheng med kvarandre.
**Ikkje svar på ting du ikkje veit. Då aukar du støynivået på forumet. Hald deg til ein sakleg respons.







